Hjem

Grønare hage med organisk gjødsel

Bli kvitt mosen og få ein grøn og tett plen

Treng du hjelp til å få ein finare plen eller fjerne uønskt grønske? Agronom Arne Braut er her for å hjelpe deg med løysingar som passar hagen din perfekt.

Med over 40 års erfaring innan gardsarbeid skil Arne Braut seg ut med si ekspertise og lidenskap for å skapa flotte uteområde. Han er dedikert til å levera kvalitetstenester og skapa resultat som imponerar kvar einaste gong.

Tjenester

Ein strålande hage med plenkrutt

Du treng ikkje bruka tid og krefter på plenlufting og manuell mosefjerning - naturen gjer det for deg. Plenkrutt er eit reint, organisk naturprodukt, tilsett nitrogen og andre viktige næringsstoff.


Få tusenvis av flittige gartnarar

Makken luftar og pløyer plenen din. På denne måten er han den viktigaste gartnaren du har. Så plei han godt, med mikroorganismar og bakteriar. Alle næringsstoffa makken treng for å trivast finn du i Plenkrutt.


Fór plenen rett

Det er jorda som avgjer kor mykje(eller lite) gjødsel og kalk plenen treng. Er du usikker, kan me analysera ein jordprøve for deg.

A

Når du skal ha vekk mosen (kur):

Stikk det grasspirer opp gjennom mosen for kvar 10-15 cm, skal du ikkje røra mosen. Hiv på 2-3 sekker plenkrutt pr. 100 m2. Er jorda sur skal du kalka i tillegg. Dette gjer du i mars/april. Kring midten av april skal du ha på om lag 10 kg. salpeter pr. 100 m2. Ha på 5 kg. salpeter pr. 100m2 to gonger i mnd fram til aug. Mykje gjødsling gjev meir plenklypping, men eit tettare og jamnare resultat.


Kvar mnd fram til slutten av august skal du ha på ein halv til ein sekk plenkrutt pr 100 m2

Klypping og stell: Vent til plenen er 8-10 cm før du klypper fyrste gongen. Bruk høgaste
trinnet på klyppparen ut juni.


Klypp siste gongen kring 20. sept., og ha på 1-2 sekker plenkrutt etterpå. Då får grasstråa opplagsnæring til våren, og mosen får problem med å veksa. Graset bør vera 8-10 cm når frosta kjem. NB! Alle desse tiltaka gjeld kun det fyrste året når
du skal ha vekk mosen.

Plenkrutt inneheld stoffa plenen treng. Satsar du på ein real kur, er du kvitt mosen
i løpet av nokre få veker.


B
For å haldaplenen fri for mose:

Våren: Gjødsla med Plenkrutt på plenen.

Heile sommaren: Gjødsla med kalksalpeter omlag ein gong pr. mnd.

August: Ny runde med Plenkrutt.

Hausten: Graset bør vera 8 - 10 cm høgt før vinteren. Då har graset lagra nok næring til å greia seg til våren.


Advarsel:

Nokre brukar jernsulfat for å ta knekken på mosen.

Men jernsulfat kan og knekka graset. Jernsulfat gjev dessutan sur jord, og det likar mosen.


Kontakt

Kvar kan eg kjøpa Plenkrutt?

For tida er det to utsal med Plenkrutt.  Eit heime på garden min på Braut; Jærvegen 481, 4352 Kleppe.  

Og eit på Lura: Lura Storkiosk,
Stavangerveien 8, 4313 Sandnes.

 
 
 
 
Ring nåSend oss en e-postFinn oss